Ver med oss å feire Sondre Norheim!
Norsk Skieventyr
Sondre Norheim, ofte kalla far til den moderne skisport, vart født 10.juni 1825 og laurdag 14.juni 2025 skal dagen markerast med eit variera program i Morgedal sentrum.
Start gjerne dagen med eit besøk til Øverbø, staden der Sondre vart født for 200 år sidan. Stoga står ope og frå plassen har du flott vidsyn til Morgedal.
Norsk Skieventyr har ope frå kl 10:00. Servering av tradisjonell husmannskost frå klokka 11:00.
Posten har «Minipostkontor» med jubileumsstempel og sal av samleprodukter på Norsk Skieventyr.
Program for dagen:
12.00 – Norsk Skieventyr
- Opning av ny skisimulator v/fylkesordførar Sven Tore Løkslid
- Posten – presentasjon av jubileumsfrimerke v/frimerkedirektør Halvor Fasting
14.00 – Ridebanen i Morgedal sentrum
- Velkomen v/ordførar Tarjei Draugedal
- Spelet «Bakkane kallar» om Rannei og Sondre v/ Hæge Manheim, Hans Jakob Sand – lokale statistar
- «Sondre Norheim, husmann og skiløypar» – bokslepp og føredrag med Thor Gotaas
- Musikkinslag med Symre Bang
17.00 – Morgedal Hotel
- Jubileumsmiddag – 3 rettars meny med lokalmat – Telemarkstallerken lansert av Matrike Telemark.
- Kr. 695,- per person.
- Påmelding: morgedalhotel@unikehoteller.no
Programmet på dagen er gratis:-)
Velkomen!
Kontaktinformasjon
Tlf: 35069080